Skip to content

Nominerte til Uprisen 2011

Kvart år arrangerer foreningen !les prisutdelinga Uprisen, ein litteraturpris for nye norske ungdomsbøker. Det er ungdommane sjølve som nominerer bøkene.

Dei nominerte til prisen for beste ungdomsbok i 2011 er (med lenke til bokbasen på biblioteket):

Den 4. parallell

Gyldendal, 2011

1. Den 4. parallell 4. Maria-eksperimentet av Kjetil Johnsen

2. Solstorm 1. Himmelslør av May Grethe Lerum

3. Mørketid av Åshild Moldskred

4. Høsten av Jan Erik Nielsen

5. Dystopia 3 av Terje Torkildsen 

 

Ny utstilling: Mytisk og mystisk

Utstilling om troll og andre eventyr15. januar var det 200 år sidan eventyrsamlaren og naturforskaren Peter Christen Asbjørnsen vart født. Biblioteket har laga ei utstilling om norske myter og folketru.

Les meir om Asbjørnsen på Wikipedia
Norske folkeeventyr i Ål bibliotek

Statistikk 2011 – berre velstand!

Aktiviteten ved Ål bibliotek har vore stor i 2011. Samla har utlånet gått opp meir enn 7 %.  I alt vart det lånt ut  32694 einingar. 

Godt samarbeid med helsestasjonen, barnehagar og skular har resultert i stor auke i utlån av barnebøker (ca. 16 %) samanlikna med 2010.  Aktive studentar og lesegrupper gjorde at lån frå andre bibliotek totalt vart på 1276 innlån.

Besøkstalet har også auka. Talet på aktive lånarar busette i Ål var 1750.   332 lånarar var frå andre kommunar,  dei fleste frå nabokommunane, men også ”reisande” og folk med hytte her. 

Biblioteket fekk 1730 nye media, avgangen var på heile 1872.

Gjer Ål bibliotek til eit aktivt bibliotek også i 2012 ved å bruke tilboda her. Godt nytt år!

Godt nytt år

UM PENGAR
Ein kan kjøpe seg mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helse,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje glede,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje ære,
rolege dagar, men ikkje fred.

(Arne Garborg)

Opningstider i jula 2011

Engleutstilling

Fredag 23. desember 11.00-15.00
(24. – 26. desember stengt)
Tysdag 27. desember 11.00-15.00
Onsdag 28. desember 11.00-15.00
Torsdag 29. desember 11.00-15.00
Fredag 30. desember 11.00-15.00
(31. desember – 1. januar stengt)

Vanlege opningstider frå måndag 2. januar.
Hugs at me har to kasser for innlevering utanom opningstid.

God jul og godt nytt år!

Jul på biblioteket

Engleutstilling
  
Ål bibliotek har no funne fram advents- og julebøker for både store og små. Forteljingar, hobbybøker og andre bøker om jul i alle variantar. Kom og la deg inspirere!

Og kanskje du er den som får opne ei luke i adventskalenderen i barneavdelinga? Nisseutstilling 

Julemusikk

Adventsbøker

Julebøker for barn

Julebøker for vaksne

Bøker om julepynt

Julefilmar på DVD

Julefilmar på VHS

Har du tips til bøker, musikk el.l. som me kan kjøpe inn? Kontakt oss gjerne!